Bryggeså Limousin


Startside


Her handlar det om mordyra. Besetninga bygges ved å kjøpe inn mordyr. Kvart anskaffa mordyr blir ei ny morlinje. For å få ei god besetning, må vi avle på gode mordyr.

Her er mine mordyr pr i dag. 74 stk.

Ammeku eventyret mitt starta vinteren 1994 / 95. Hadde sugd til meg all informasjon om sjølvrekruterande kjøtproduksjon eg kom over. Mellom anna Kjøttfeboka av Serinius Trodahl. Var open for å prøve  dei kjøtfe rasane som var tilgjengelege. Valget falt på 2 drektige kviger, hhv Hereford og Aberdeen-angus. Dei kalva mars 95. Det gjekk bra med Angus kviga. Ikkje fullt så bra med Hereforden. Ho fekk bør framfall. Eg vart anbefalt å ikkje ha fleire kalvar på ho. Ho oppfostra oksekalven sin. Dermed var det slutt på linje 1.

Linje 2 derimot, er i dag mi sterkaste morlinje med 25 mordyr av 74.

Her er 9893 Ragnhild. Fødd: 1993. Far: 5542 Laser.

Og her ei av døtrene hennar med sin kalv. Den svarte fargen er sterk. For ho er 50% lim med Nexus som far. Kalven, 75% lim, har limousin fargen. Har forts svarte dyr i linje 2 som er 88% lim.

Hausten 95 vart Hereford kviga erstatta med ei Charolais kvige.

Linje 3. 9894 Litago. Fødd 1994. Her er ho ca 5 år. Denne linja har ikkje vore så sterk og fruktbar. Pr i dag berre 1 mordyr att i linje 3. Det er Malin. 75% lim. Etter Bastian av Schøll.

 Litago fekk 3 døtre.

Her er den beste av dei. Men ho fekk oksekalver 7 år på rad. I 2008 fekk ho kyrkalv, men den sommaren drukna ho og kalven i ei myr. Faktisk einaste kua eg har mista på desse åra.

I 1997 hadde eg omsider råd til å kjøpe 2 nye drektige kviger. Begge var 50% Angus og 50% Charolais. Det vart linje 4 og 5.

Den svarte med kvit blese er 9895 Stjerna. Nexussonen midt i biletet er kalven hennar. Linje 4 slutta med henne. Ho fekk berre store oksekalver. Den siste vart hennar bane. Ho vart lamma. Nødslakt.

Her er ho med linje 2, 3 og 5.

Her og.

Linje 5 er 49 Brynhild. Også kalt elgen. Fødd 1995. Ho vart mi nest sterkaste linje med 11 nolevande mordyr. Ga fine avkom.

Her er ho med si Nexus dotter.

Bra melker. Kalven nesten like stor som mora før innsett om hausten.

Linje 2, 3 og 5. Dette motivet er fra år 2000. Kalvane er etter Nexus. Han kom året før, vinteren 99. Saman med han kom og linje 6 og 7.

Dermed starta ei ny tidsrekning. Før og etter limousinens inntog. Fra eg byrja med sjølvrekruterande kjøtproduksjon 4 år tidlegare, og til no, hadde eg merka meg limousin dyra. Såg at dette var tingen. Det er ein samanheng mellom kjøtproduksjon og kjøtsette dyr. Og det var meir kjøt på desse dyra enn på dei eg hadde fra før. Difor var det berre spørsmål om når eg kunne ta det økonomiske løftet å investera i dei første limousindyra. For no ville eg ha stambokførte dyr. Det beste utgangspunktet for nye morlinjer. Men og ei høgare investering.

 

Linje 6 til venstre.

Nr 29 Karen av Greni ET Embryodyr fødd 1994.

Her nærast kamera. Byrjinga på ei sterk linje med 10 mordyr i dag.

Bjøllekua her er dottera fra 2002. Kua til høgre er dottera fra året etter.

Linje 7, nr 86 Milla av Greni, fødd 1996.

Her i midten saman med linje 2 og 3 og Nexus.

Her og i midten, no saman med linje 6 og Nexus. Milla var eit midtpunkt. Men ho fekk berre ei dotter.

Mimmi, etter Nexus. Ho derimot, har 4 døtre etter topp fedre. Totalt i dag er det 6 mordyr i linje 7.

Anskaffelse av limousindyr inneber som sagt ei større investering kontra dei andre rasene eg har prøvd. Men det betaler seg. Besetninga får ein større salgsverdi. Du produserer heile tida dyr med større salgsverdi. Kalven er tidleg slaktemoden. 250 kg sl vekt på 9 mnd. 250 kg kvalitetskjøt til markedets beste pris.

Sjå desse danske dyra! Dansk Limousine Forening er 40 år no i 2011.

Ei lita avsporing. Attende til mine morlinjer.

I 2007 fekk eg fleire nye linjer inn i besetninga. Først er det 7129 Stina. Halv lim etter Unik av Greni, og halv Nrf. Fødd 2005.

Her er ho. Den svarta. Linje 8.

Her ved forbrettet. Foreviga av Christin Jordbrudal. Ei sterk linje. Alt 3 mordyr etter ho. Sjølv vart ho solgt som livdyr i 2010.

Linje 9. 7130 Unn av Eikelund. Fødd 2003. Far: Sokrates av Fredly.

Ei stor og fruktbar ku med ei god linje. Har no 4 mordyr i denne linja.

God melker. Avler store dyr.

Har og fine okser etter seg.

Her er Remix sonen. Ho har og ein Usse son.

Så linje 10.

7131 Brive av Velo. Fødd 2006. Far: Echo.

Stor, kjøtsett, godt eksteriør. Litt dårleg på melk. Den eine av mine Full French linjer. Har fine okser etter ho. Og ei Ultrabo dotter. Så til no berre 2 mordyr i hennar linje.

Til høgre Mimmi. Brive med kalven. Bakerst Briche.

7132 Briche av Velo. Fødd 2006. Far: Tellus av Velo. Mf: Genial. Genstatus F. Linje 11.

Her er ho bakerst. Pacha sonen hennar er på veg opp til ho. Linje 11 er ho og 2 døtre. Den yngste etter Ultrabo. Ultrabo døtrene er fine. Meir om dei seinare. Vil da og trekke fram Uskudar døtrene.

Av ungoksane merker Colin av Schøll seg ut her med dei finaste morsemnene.

Vidare til linje 12.

7134 Dolly. Fødd 2000.  Står bakerst med breisida til her. Sparsomt med opplysninger om ho. Kom til meg i 2007. I flg papirene 50% lim og 50% krysning.

Hennar og avkommas kvite hovud fortel om Hereford avstamning. Ho er sterk og storbygd med gode bein og klauver. Har alltid klart seg bra både inne og ute. Ei god mor. Eg har lagt på ei fin dotter etter Dolly og Bjarne av Schøll. Limousintypisk med godt lynne. Ho har første kalv i år.

Så er det linje 13, Ulla av Eikelund.

Fødd 2003. Far: Rocky av Velo.

Her ved forbrettet med blått halsband.

Her er ei dotter etter Ulla og Harris. Veldig rolig og snill. Dessverre ikkje blant oss lenger. For livet er brutalt. Vi går inn i det med åpent sinn. Det gir oss sår og dyrkjøpte erfaringer. I verste fall stopper martyrdøden oss. Som med henne. Ho fekk knust kjeven. Måtte avlivast. Har tatt det til etterretning. Dyrevelferd og trivsel har første prioritet. Ei forutsetning for gode resultat.

Ulla er og borte. Ville ikkje ta kalv. Men ho hadde nokre gode aner. Dei er videreførte gjennom sonen Conrad. Har difor tatt Ulla med her. Men linja er stoppa.

Dette var mordyr materialet fram til i år. Ønska da fleire vårkalvinger. Dyr med dårlege klauver vart da bytta ut med tilgjengelege vårkalvarar. I nærområdet var det ingen limousiner å oppdrive. Så kom tilbodet om 3 Charolais krysningar bedekka med Charolais. Slo til pga prisen. Gjer det ikkje fleire gonger. Det har med å legge i meir å få kvalitet. Den eine kasta og vart slakta. Eit uvant dårleg oppgjør for ei ku. Dei to andre Blir linje 14 og 15. Kjem tilbake med meir info om desse seinare.

Slo og til på 5 drektige limousin kviger frå Hadeland. Her kan du legge til 30% på prisen av andre kjøttfe kryssningar. Frakta er og ein betydeleg post dersom slike dyr ikkje er å oppdrive i nærområdet.

Her er dei. Fine dyr. Meir om dei når dei har kalva.

Valg av gode mordyr, gjer vegen mot ei god besetning kortare.

Ånen A Bryggeså 08.05.2011.


Hei! Vi har hatt en ok vinter. Lite frost og passe med snø. Våren er rekord tidleg. Nyter sol og varme. Våronna står for døra. 25.mars.

Trass i svært mye regn og moderat beite og forkvalitet i fjor sommar, vart ammeku året mitt godt. Ingen kalving problem. Har aldri hatt så mange fine dyr før. Totalt 112 stk ved nyttår. Har prioritert kvantitet. Prøvde 60 kalvinger, men legger meg på 50. En konsekvens av landbrukspolitikken. Kan nå konsentrere meg om kvalitet. Med en produksjon på ca 25 hodyr i året, og ca 20 insemineringer pr år, vil målretta avl gi resultat. Litt om fjorårets nye kulinjer.

Linje 14, Charolais krysningen Cindy. Her på veg frå meg på vegen bak Vena som ser rett mot meg. Ho er veldig lik Olga, lim/cha, nærast til høgre. Eit forferdeleg torever denne dagen. Eg hadde søkt ly under ei tett gran til eg var gjennomvåt. Ikkje så nøye i  t-skjorte og shorts. Dyra fulgte meg til grinda då eg drog. Så for dei.

Dette er eit skogs og fjellbeite på heia mellom Hægebostad og Kvinesdal. Dyra går fint her. På ein el tråd. Festa i tre supplert med plast stolper. Deler av beitet er gammal innegjerda kulturmark. Eg utvidar og ringar det inn med el tråd. No har eg limousinar og limousin krysningar på 11 ulike beiter i Hægebostad kommune. Teigane er veldig oppstykka her på Agder.

På dette beitet går og linje 15, Charolais kua, Anita.

Her fann eg ho med sin nyfødde kalv.

Anita med hennar og Cindy sin kalv.

Begge er kyrkalver.

Får sjå korleis dei utviklar seg. Har dei eigenskaper eg etterspør, brukar eg limousinokse på dei.

Over til linje 16.

1321 Edel. Ho står bak, til venstre for midten og ser mot oss. Kalven hennar står og der med breisida til. Ei snill og fin ku med gode bein og ein fin kalv.

Linje 17. 1322 Emma. Er spesiell med sitt lange og hellende kryss. Sta og uredd, men snill.

Her ser ho mot oss, med bakparten delvis skjult.

Midt mot oss, med kalven sin bak seg, linje 18,1323 Gro. Middels stor med godt lynne. Gode bein. God melker. Avvendte fin oksekalv. Slakta i januar, 10 mnd gammal, E-. Har pga alt regnet i fjor sommar, svakare for. Må difor ha kalvane i 10 mnd før levering til LUN. I fjor var 9 mnd nok. For å få dei så nær 250 kg slaktevekt som mulig. Då kan du fort nærme deg 18.000,- + mva pr stk.

Linje 19, 1324 Birgithe. Her med sin kyrkalv til høgre i biletet. Ho har født, fostra opp, og avvendt ein fin kyrkalv utan assistanse frå meg. Ingen negative sider så langt. Litt kort, men god dybde og god bakpart. Tross alt fødd mars 2009. Har alltid latt kvigene kalve ved 2 års alder. Etter erfaring frå sau og melkeku, har mordyret blitt betre ved å ikkje kalve for gamle. Med limousin er det litt annleis. Dei legg ikkje feitt på same måte som sauen og dei andre rasane eg har erfaring med. Difor vil eg fra neste år la kvigene kalve ved 30 mnd. Dette gjeld avlsdyr. For å få max utvikling på dei, og eit finare voksendyr. Her til venstre på biletet står og linje 20. 1325 Paula. Også fødd mars 2009.

Her ammar Paula sin eigen oksekalv med ei 1 døgn gammal Samson dotter som tilskuer. Har ca 20 kyr som kalver ute på sommarbeite. Som oftast viser dei ikkje kalven for resten av flokken før etter 3 døgn. Her har mora intrudusert han for dei andre så fort han kunne følge med ho.

Det gjekk lang tid før Paula viste meg sin kalv. Men her er ho med han saman med resten av flokken.

Mine beste kalver blir fødde ute på sommarbeite og etter innsett om hausten. Frå slutten av juni og utover. Fordi eg nyttar fleire småbeite der kyrne går utan okse. Dei er då klar for inseminering når dei kjem heim 1. oktober. I oktober og november blir så mange som mulig inseminert etter mitt avlsopplegg. ( Sjå insemineringsplan under fanen okser.) Omløp blir inseminert ein gong til. Deretter drektighetssjekka. Oksene blir då slept. 2 okser, i kvar si avdeling. 1 avdeling utan okse. Deler kyrne opp i 3 avdelinger med ca 20 kyr i kvar. Dermed blir dei beste kalvane fødde fra slutten av juni til byrjinga av september. Desse kjem ikkje til Staur.

Nokre kalvebilete.

 

Ei fin datter av Dentatus av Dovre.

I midten ei Urville datter. Dei to til venstre er etter Dentatus av Dovre. Den svarte og etter Urville.

Fin oksekalv etter Runar.

Lun kalver.

Dei same.

Her og dei same 4.

Etter Uskudar og Usse.

Til sist nokre glimt frå 2010 kvigene.

Døtrene etter Ultrabo er veldig jevne og fine. Uskudar døtrene utmerker seg og.

Eg sjekkar dyra. Likar å sjå alle ei gong pr veke.


Startside