Bryggeså Limousin


Startside


Hei. Det er 12.januar 2015. 5 grader og regn. Har hatt storm og uver i helga. Straumen har vore vekke to perioder. Framleis er eg utan nett og telefonforbindelse. Snøen ligg, men det er ikkje frost i bakken. Har bare hatt to tre frostnetter. Litt nytt oksestoff.

Øyvind med Gregor av Rendum. Genstatus F. Far Delta av Velo. Ff On Dit. Mf Olav ET Engelbrektson. Avler godt lynne og godt kryss. Har brukt han i 2013 og 2014.

Avlsmål

Rolige – kjøttfulle – harmoniske dyr med gode produksjons- og avlsegenskaper.

 

Det er slike dyr ein vil produsere ved kjøttfe hald. Ein fin limousin er eit slikt dyr. Det kan du sjå når du ser på dyret. Og det ser du når du står med avrekninga i handa.

Difor kjøpte eg vinteren 1999 tre reinrasa dyr. To drektige kyr og ein okse.

Denne sida handler om oksene eg har brukt.  På vegen for å nå avlsmålet. Fra den første i 99 og fram til i dag. Det byrja med denne karen.

Nexus ET av Greni. Født 1997. Genstatus F

Far: Don Juan Gardette. FF: Usant. MF: Paul. Mor: Bastille.

Nexus og ei Charolais / NRF krysning. (Den same som går ned mot han på det første biletet. Då limousinane kom til gards, møtte dei Charolais, Herford og Angus dyr samt krysningar mellom desse og NRF.)

 I 2002 vart det inseminert med

Og Emil overtok etter Nexus.

Emil, fødd 1999. Far: Epson. Mf: Ikaros av Greni.

Her oppstalla og nyklipt. Emil var rolig og kjøttfull.

 Vart i 2005 erstatta med Albert.

Albert er etter Åberg Pan. Fødd 2003. Her på beite våren 2007.

Dette året overtok eg ei besetning på 15 dyr. Genstatus FF, O og limousin krysningar. For å spre genetikken.

I 2007 vart det og inseminert med årets ungokser, 72033 Amandus av Bliksrudhagen, 72034 Agvald av Dovre og 72035 Anfield av Nørstegård.

I 2008 var det Conrads tur.

Conrad er fødd i 2007.  Far: Reodor av Rendum. Mf: Rocky av Velo. Mor: Ulla av Eikelund.

Conrad gjekk saman med 16 kviger sommaren 2008. Vart deretter solgt. Conrads farfar er Epson. Måtte difor begrense bruken av han då eg har mykje Epson genetikk i besetninga.

Alle vaksne kyr vart inseminert det året. Dei tre ungoksane, 72045 Balthazar av Ring,72046 Bjarne av Schøll og 72047 Bastian av Schøll vart mykje brukt. I tillegg vart import oksane  Remix og Pacha nytta.

Dette resulterte i 37 kalver i 2009. 3 kyr var tome. Drektighetskontroll er viktig!

Året 2009 vart alle kyr og kviger inseminerte. 49 dyr. Desse oksane vart nytta:

Her er nokre resultat:

 

 

 

 

 

 

 

Lydar er Uskudar son.

Nr 234 her er Aina. Uskudar dotter. Inntil veggen står Ulla. Etter Ultrabo.

Dette var glimt fra kalvegjømmet med dei yngste 2010 kalvane. Dei eldste er avvente, og i eigne bingar. Med kalving i 3 puljer, vår, sommer og haust, blir det ulike størrelser. Det går bra. Dei små er kvikke, og dei større er snille.

Vi må erkjenna at danskane såg limousinens kvaliteter før oss. Difor har eg etter Martin Scharnings tilråding halde Dansk Limousinnytt frå min limousin start.

Der las eg denne artikkelen:

Dette er interessant. Ein fransk inspirasjon til danskane. Er og inspirert av dette ved mine oksevalg. Men eit uoversiktleg og ikkje samordna indeks system, gjer samanlikning vanskeleg. Mellom norske og utanlandske oksar. Her som på mange andre område, virkar det som nordmennene må finne opp kruttet på nytt.  

I 2010 vart det berre 2 norske ungoksar tilgjengelege.

Kjøpte i tillegg semin av desse importoksane:

Har dessuten 2 gardsoksar nå:

Totalt er 60 dyr bedekka. Meir info vil koma.

Helsing Ånen Asbjørn Bryggeså


Hei igjen. Det er den 25. februar 2012 i dag. Sol, 6 grader og vårstemning etter ei veke med mildt vestaver. Har nytt oksestoff frå året som har gått. Alle oksane har gitt fine, livskraftige avkom og problemfrie fødslar. Runar har og 2 tvillingpar etter seg. Her er det eine.

 

2 gutar. Mora har Epson på morsida, og Åberg Pan på farsida. Brukte Runar på ho for å få størrelse.

Skogsbeite sist sommar. Runar ligg framme til høgre.

Inne no i vinter. Runar ligg.

I 2011 fekk Runar 21 avkom etter seg. Runar, her til høgre, er son av franske Remix.

Remix viser gode avlsverdier for alle egenskaper. Brukte 5 dosar av han i 2008. Det resulterte kun i 2 oksekalver i 2009. Den beste var Runar. Han vart difor lagt på.

Berre eitt vesentleg minus med Runar. Missdanna klauver. Dette er ein ting eg har stor fokus på. Difor blir Runar slakta no i vår.

Usse vil ta over.

Usse her til venstre, saman med Runar og Lydar.

Og her bakerst med Øyvind.

Usse er son av franske 72055 Usse, og den beste av min 2010 årgang av okser.

Den andre gardsoksen min er Peik.

Her på beite sommaren 2011 ca 2 år gammal.

Han er kompakt med godt lynne

Heldt han for den beste av mine 3 Pacha søner i 2009. Har difor avla på han.

Han trives i kuflokken.

Av og til kan det bli litt mye mas.

Då er det fint å trekke seg litt unna.

Litt kvalitetstid for seg sjøl. I skyggen under ei gran.

Faren til Peik er Pacha.

Morfar: Echo

Ser ut som Peik avler dyr med godt lynne, og gir lette kalvinger. Klauvene er og ok. Han blir difor brukt her 1 år til.

I tillegg til 57942 Runar og 57955 Peik, fekk eg i 2011 avkom etter desse oksane:

For 2012 har eg i tillegg til gardsoksane inseminert med desse:

For 2013, tinga eg dosar av 72100 Vichy MN. Han har gode bein, gode resultat i Frankrike, lite slekt i Norge. Han blei seinare ikkje godkjend.

Blei konfrontert med dette pr tlf. Kjørte då safe og tok 9230 Ionesco i staden.


Startside