Bryggeså Limousin
Kulturlandskapet. I stadig endring. Forma gjennom milliarder av år. Av naturen. Menneska, som ein del av naturen, er med og set sine spor. Men vi er små og svake i den store samanheng. Våre små spor blir raskt viska ut. Men vi er her. Og trør våre vegar. Gamle gror igjen. Nye blir trakka opp...
Kan vi styre naturen?.. Kva middel har vi for å få han ut av balanse?.. Eller regulerer naturen oss?..
Her er nokre før og no motiv..
Kråkeli
Myr, lyng og steinmark er opparbeidd.
Ein pause under bjørkene...før dei blir fjerna, og området planert..
..og sådd i med grasfrø.
Så Sandvassmyran..
..gjennomgår same prosessen..
Nokre spor etter meg. Fordi eg syns det pynter opp. Mil etter mil med lyng og stein for dei som heller vil ha det. Dessutan... ingen uboteleg skade skjedd. Berre la spora stå urørte nokre år. Og naturen viskar dei ut. Lyngen, vieren og bjørkerynningane tek over igjen... Ei ny istid, og steinane er og på plass att...
Stein på stein.
Ein del såfrø har gått med.
Og vatn og såpe. For mann og klede.
Gode medhjelparar.
Av og til blir retningssansen sett på prøve.
Mitt nye prosjekt.
Tindefjellet. Det får vera som det er.
Fortsatt er det moltene
og blåbæra som rår grunnen på heia.